lørdag 20. desember 2014

kaBoks Designteam for 2015

God Desemberlørdag kjære scrappevenner :)

Som dere vet har vi gjennom hele 2014 hatt med oss fantastiske kaBoks som fast sponsor her på Papirdokkene :)
 De har fantastiske dies og mange mange fine stempler ♥
Nå søker de DT for 2015, er det noe DU kunne tenke deg tro? 

2015 kaBoks Designteam


kaBoks er ei lita familiedriven bedrift som designar og produserer ulike produkt til scrapbooking, kortlaging og anna papirhobby. Produkta våre kan kjøpast i 32 butikkar rundt om i landet, og vi er også inne i ein prosess for å utvide både talet på produktlinjer og språk. Vi ser derfor etter søknadar både frå Norge, Sverige og Danmark.


Vi har eit team i gang som designar ny nettside og blogg, og desse må jo fyllast med flotte eksempel på kort, LOar og anna. Difor er vi no på jakt etter eit designteam.

Vi er ser etter etter:
- 6-8 entusiastiske personar som vil bruke og framheve våre produkt på best mogeleg måte.
- du må vere høgt motivert, positiv og full av idear
- du må kunne ta flotte foto av prosjekta dine, både heile prosjektet og av detaljar
- du må ha ein aktiv blogg og ein FBkonto
- Instagram/Pinterest er ein fordel
- alle typer papirhobby (til dømes art journaling, Project Life, kort, mixed media, scrapbooking osb)

Send inn ein søknad før 1. januar til admin@kaboks.com

I søknaden vil vi at du skal:

1. Fortel litt om deg sjølv.
- kor lenge har du scrappa? (og vi brukar det ordet for alle formene for kort, project life, art journaling, mixed media og alle andre kombinasjonar av papirhobby)
- kva slags prosjekt likar du best å lage?
- anna informasjon som du synest vi bør vite om
2. Link til blog og galleri
3. Bilder og beskrivelse av 3 prosjekt som er typisk for deg.
- Eit av prosjekta må vere med bilder og instruksjonar trinn for trinn. (Det treng ikkje nødvendigvis vere for heile prosjektet, men for ein teknikk du har brukt). Dette kan gjerne vere ein blogpost, men vi vil sjå eit nytt prosjekt, så ingen backlinking)
- Det er viktig at desse prosjekta er prosjekt som faktisk er typisk for det du lagar. Sender du inn bilete av kort med mange lag, mange teknikkar og komplisert design er det dette vi ventar at du leverer.
- Du må ikkje nødvendigvis bruke produkt frå kaBoks, men vi vil gjerne sjå våre produkt i bruk.

Fordelar med å vere med på kaBoks sitt designteam:
- Kvar månad får du nye produkt frå kaBoks i posten.
- Du vil få muligheit til å bestille produkt direkte frå kaBoks, til engrospris, om du vil halde kurs og bruke våre produkt.
- Økonomisk kompensasjon om du får prosjekt som viser kaBoks produkt på trykk i relevante publikasjonar

Vi forventar:
- At du brukar våre produkt på dine prosjekt, og at du linkar til vår nettside/blogg når det er mogeleg.
- At du aktivt promoterar kaBoks. Dette inkluderer også sosiale media.
- minimum 2 blogpostar/sosiale media postar som linkar til kaBoks kvar månad
- minimum 2 blogpostar på kaboksBloggen kvar månad (du vil få datoar for når din post skal publiserast)

Vi gler oss til å høyre frå dykk!

Mvh
Oddbjørn og Siri


Ingen kommentarer: